|
- Sjåførane må bryte lova |
|
|
|
|
Skrevet av ytf.no / i ytf infoskriv
|
|
søndag 28. september 2008 |
|
Mange lastebilsjåførar er frustrerte over at køyre- og kviletidsreglar fastsette av EØS ikkje tek omsyn til norske køyreforhold. - Dette fører til at sjåførane må bryte norsk lov for å kunne gjere jobben sin, seier tidlegare fylkesleiar i Lastebileierforbundet og dagleg leiar for Thor Tenden Transport i Stryn, Rolf Olav Tenden.
Ferje om natta Tenden nemner døme som kryssing av fjordar med ferje midt på natta, uventa vegstandard, og vinterstid på fjellovergangar, der sjåførane ikkje kan planlegge når dei skal kome seg heim att.
Landsomfattande kampanje Statens Vegvesen køyrer denne veka ein landsomfattande kampanje for å kontrollere at lastebilsjåførar overheld køyre- og kviletidsreglementet. Reidun Tryggestad i vegvesenet fryktar at regelendringar kan gå utover tryggleiken langs norske vegar.
- Skremmande - Det er litt skremmande, for køyre- og kviletidsreglane er sette for å verne sjåførane og ikkje minst trafikktryggleiken. Når dei ikkje tek på alvor at det er til sjåførane sitt beste så er det skremmande.
Mange unge bryt reglane I fjor synte kontrollar at kvar tredje sjåfør braut kvilereglane. At sjåførane sovna bak rattet er ifølgje Transportøkonomisk institutt skuld i mellom 15 og 20 prosent av alle ulukker med vogntog. Heile 64 prosent av dei unge sjåførane bryt kvilereglane, medan betydeleg færre eldre sjåførar gjer det same. Tryggestad meiner dette kan kome av høgt arbeidspress.
- Mange er veldig pressa - Enkelte gir uttrykk for at dei er veldig pressa. Desse gamle karane som har vore i næringa i mange år har fått eit litt meir avslappa forhold til dette, og føler at no er det eg som bestemmer, medan dei yngre gjerne vil gjere ein så god jobb som mogeleg.
- Regelverket er feil Lastebilsjåfør Frank Erdal føler seg ikkje pressa av arbeidsgjevaren sin, og han meiner det er kviletidsreglane som er problemet.
- Regelverket er etter mine begrep heilt feil, så det er vanskeleg å overhalde reglane.
- Altfor firkanta Rolf Olav Tenden meiner i tillegg at overgangen til digitale fartsskrivarar har gjort at små regelbrot kan bli straffa uforholdsmessig strengt.
- Berre du har ei omdreiing på hjulet så er det nok til at du bryt ei kviletid, og det er mogeleg å bøteleggje for det. Det er altfor firkanta.
Tenden seier at køyre- og kviletidsreglane ikkje har teke høgde for praktiske omsyn, og at det difor må lovendringar til.
Les hele artikkelen her kilde: nrk.no |